tysdag 22. juni 2010

Er det òg nokon som veit korleis ein endrer klokka for innlegga. Den er eit halvt døgn feil...
Ser eg kan endre den på alternativer for innlegg, men den sprett tilbake til gamle synder med ein gang noko er publisert...
Eg prøver og prøver, men får ikkje heilt til å laste opp bilder frå nettet. Det kjem opp at eg skal trykke inn ei nettadresse. Kva skal eg skrive der? Korleis kan eg hente eit bilde på nettet? Håper nokon kan hjelpe.
Vanskeleg å hente dei på min egen mac òg. Det er så mange bilder at det tar for lang tid å bla igjennom for maskina. Trur eg sal lage meg eit eige blogg-bilde-arkiv. Vert gjerne lettare då.

måndag 21. juni 2010

No har eg prøva å feila litt. Klokka er snart 02.00 på natta, så det er vel snart på tide å leggje seg. Eg har tre søte små som skal opp i morgon tidleg, så då gjeld det å ha samla litt krefter i løpet av natta :) Prøver meir ein anna gang :) Har veldig lyst å klare å leggje ut nokre fine bilder.... Må lære meg dette sjølv, og då tar det litt tid.... Den som lever får sjå.... God natt...
Eg er heilt fersk på dette. Dette er ein prøve.
Har blitt inspirert av alle dei flotte bloggane
"alle andre" lager, så no prøver eg meg sjølv...