søndag 17. oktober 2010

Haustferie og eplemuffins





Veka som er over har skule hatt haustferie. Eldstejenta som går på skule har sett fram til ferien der me blant anna skulle på hytta. Ho vart imidlertid veldig skuffa då ho skjøna at haustferien er ei veke, og ikkje 8-10 veker slik som sommarferien var.... Ikkje lett å halde styr på alt i ein alder av 7 år.

laurdag 2. oktober 2010

Stoler frå Oldemor






Tidlegare i sommer fekk eg to stoler av mi sviger-oldemor ( om det er noko som heiter...) Synest dei var veldig fine. Dei er slitte og godt brukte. Sviger-oldemor brukte dei som kjøkkenstoler då dei stifta heim for 70 år sida. Eg vil ha dei kvite for at dei skal passe best mulig inn her i huset. Skal prøve å pusse dei litt med sandpapir så den slitne looken blir beholdt. Er spent på korleis resultatet blir. Elsker stoler med rundt sete.