Lever Landlig
Veldig kjekt at du klikker innom bloggen min. Eg er veldig ny i bloggverda, men ønsker å prøve meg litt fram på seine kvelder. Eg bur idyllisk til på ei øy i nærleiken av Bergen. Eg elsker det landlige liv, og prøver å skape det trygt og godt rundt meg. Eg er mamma til 3 søte små, og er for tida heimeverande med yngstemann, som vart fødd i mars. Eg vert glad for kommentarer frå deg som kikker innom :) Eg blogger om livet rundt meg - barn, mat, hus og hage.
søndag 17. oktober 2010
Haustferie og eplemuffins
Veka som er over har skule hatt haustferie. Eldstejenta som går på skule har sett fram til ferien der me blant anna skulle på hytta. Ho vart imidlertid veldig skuffa då ho skjøna at haustferien er ei veke, og ikkje 8-10 veker slik som sommarferien var.... Ikkje lett å halde styr på alt i ein alder av 7 år.
laurdag 2. oktober 2010
Stoler frå Oldemor
Tidlegare i sommer fekk eg to stoler av mi sviger-oldemor ( om det er noko som heiter...) Synest dei var veldig fine. Dei er slitte og godt brukte. Sviger-oldemor brukte dei som kjøkkenstoler då dei stifta heim for 70 år sida. Eg vil ha dei kvite for at dei skal passe best mulig inn her i huset. Skal prøve å pusse dei litt med sandpapir så den slitne looken blir beholdt. Er spent på korleis resultatet blir. Elsker stoler med rundt sete.
Etiketter:
opp-pussing
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Om meg
- Lever Landlig
- Eg er småbarnsmamma til tre barn på 7 år, 5 år og desserten som vart fødd i mars. Eg er opptatt av familien og heimen min, liker å putle på i hagen, lage god mat til familie og venner, og likar godt å vera saman med venner og storfamilie. Eg liker meg godt med "det lanlige liv" rett og slett.