Lever Landlig

Veldig kjekt at du klikker innom bloggen min. Eg er veldig ny i bloggverda, men ønsker å prøve meg litt fram på seine kvelder. Eg bur idyllisk til på ei øy i nærleiken av Bergen. Eg elsker det landlige liv, og prøver å skape det trygt og godt rundt meg. Eg er mamma til 3 søte små, og er for tida heimeverande med yngstemann, som vart fødd i mars. Eg vert glad for kommentarer frå deg som kikker innom :) Eg blogger om livet rundt meg - barn, mat, hus og hage.

måndag 6. desember 2010

Pepperkakeglad familie...


Her i huset er vi veeeeeldig glad i pepperkaker. Vi må alltid bake mykje når vi baker, men samtidig veit vi at det ikkje blir siste gangen før jul.... I år starta vi med å bake 6 brett pepperkaker. 2 kg deig gjekk med. Årets første pepperkaker smakte berre heilt nydelig. Vi bakte heile familien, og åt nysteikte pepperkaker mens me bakte ferdig dei siste...

Det vart ganske mykje synest eg, men når eg seinere på dagen skulle ta dei i kakeboksane eg hadde funne fram, gjekk alle oppi ein kakeboks... Merkelig. Vi som hadde baka så mykje?....
Det minka i kakeboksen jevnt og trutt, og etter 4 dagar hadde me faktisk klart å ete opp alle sammen....
Det gjekk fortare enn forventa kan du seie... Men, men. Det er berre til å gjere klart for ny pepperkakebakst ein anna dag.
Med ein slik pepperkakeglad familie må me bake pepperkaker 3- 4 ganger i tida nov-des.
Synest forresten julekakene smaker best i adventstida. I romjula og etter jul vert det liksom nok av alt det andre.

3 kommentarer:

  1. Kan kjenna pepperkake duften heilt te Forsand!!!!
    Hi,hi!!
    Dokker e jammen goe!!
    Store goe klem fra Sol!!

    SvarSlett
  2. Pepperkaker er bra, og deigen er bare super!
    Ønsker deg en flott førjulstid :-)

    SvarSlett
  3. Pepperkaker er kjempegodt.
    Ønsker deg og dine en riktig God Jul.
    Juleklem fra Mio

    SvarSlett