Lever Landlig

Veldig kjekt at du klikker innom bloggen min. Eg er veldig ny i bloggverda, men ønsker å prøve meg litt fram på seine kvelder. Eg bur idyllisk til på ei øy i nærleiken av Bergen. Eg elsker det landlige liv, og prøver å skape det trygt og godt rundt meg. Eg er mamma til 3 søte små, og er for tida heimeverande med yngstemann, som vart fødd i mars. Eg vert glad for kommentarer frå deg som kikker innom :) Eg blogger om livet rundt meg - barn, mat, hus og hage.

måndag 6. desember 2010

Pepperkakeglad familie...


Her i huset er vi veeeeeldig glad i pepperkaker. Vi må alltid bake mykje når vi baker, men samtidig veit vi at det ikkje blir siste gangen før jul.... I år starta vi med å bake 6 brett pepperkaker. 2 kg deig gjekk med. Årets første pepperkaker smakte berre heilt nydelig. Vi bakte heile familien, og åt nysteikte pepperkaker mens me bakte ferdig dei siste...

Det vart ganske mykje synest eg, men når eg seinere på dagen skulle ta dei i kakeboksane eg hadde funne fram, gjekk alle oppi ein kakeboks... Merkelig. Vi som hadde baka så mykje?....
Det minka i kakeboksen jevnt og trutt, og etter 4 dagar hadde me faktisk klart å ete opp alle sammen....
Det gjekk fortare enn forventa kan du seie... Men, men. Det er berre til å gjere klart for ny pepperkakebakst ein anna dag.
Med ein slik pepperkakeglad familie må me bake pepperkaker 3- 4 ganger i tida nov-des.
Synest forresten julekakene smaker best i adventstida. I romjula og etter jul vert det liksom nok av alt det andre.

onsdag 1. desember 2010

Give away....

Hurra!!! Eg vann ein trekning hjå Sussanne med bloggen Min stil....

Ho har sydd desse søte pulsvarmerene og laga ei flott fyrstikkøskje med teksten "størst av alt er kjærligheten"

Eldstejenta mi på snart 8 år hadde veldig lyst på pulsvarmerene, så dei deler me på.

I dag er det vasking av kjøkken som står for tur her i huset.

Eg vasker ikkje tak og vegger i heile huset. Vasker alltid ned kjøkken og spisestove + lister og golv. Elles blir det berre ein grundig rydding og rundtomkringvask. Vasker du ned heile huset til jul?

måndag 29. november 2010

Gøy å hente posten..



Sist veke var kjempestas å hente posten for mine søte små. Den eine katalogen meir spennande enn den andre. 7 ulike kataloger frå leikebutikkar datt ned i postkassen vår, og det mangla ikkje på entusiasme for dei som ivrig ønska seg det meste (utenom gutteting då) av det som var i blada.

"Dette ønsker eg meg, dette ønsker eg meg, dette trenger eg mamma og dette måååååå eg berre få" osv...

Ei venninne av meg var lettere fortvila over at det berre kom eitt eksemplar av kvar katalog. Med tre born skulle det vært ein til kvart barn. Det blir jo berre krangling av dette.... ( Det slepp me no i alle dall i vårt hus).

I barnehagen har "alle" hatt med seg ulike kataloger, og borna ligg strødd utover golvet og drøymer seg inn i katalogens leiketøy verden. Nesten morro å sjå kor oppslukte dei vert.

Ikkje så lett å kjøpr ullklær til borna til jul i år.........

søndag 28. november 2010

Adventkos...



No tenner vi det første lys,
aleine må det stå.
Vi venter på det vesle barn.
I krubba lagt på strå.


I dag har pappa, storesøster og litlesøster
vært på isen ved idrettsannlegget like ved her me bur
og gått på skøyter. Temperaturen ligg på rundt
minus 6-8 grader og skyfri himmel, så skøyteforholda
er optimale.

Seinere på dagen reiste me heile familien utenom minstemann
til Bergen på vår første Putti Plutti Pott forestilling. Jenta vår på
5 år elska forestillinga og nytte kvart minnutt. Me andre kosa oss
òg.

Då me kom heim tende me i adventstaken og kosa oss med
pepperkaker og gløgg. Me har hatt ein kjekk 1. søndag i advent.

onsdag 24. november 2010

Vinn Ilse Jacobsen jakke

Hei hei.
Dette må jo berre alle få med seg!!

Frk Wicstrøm har ein Ilse Jacobsen jakke på Give away.
Sjå etter bilde med link i sidemargen min, og bli med du òg!!!
Trekning 5. desember.
Hadde blitt svært glad for ei slik julegåve ja..... :)

laurdag 13. november 2010

Fine stiger...

Har vært på utkikk etter ein stige til å ha på badet i lengre tid... Plutselig kom eg over nokre fine stiger, og plutselig kom eg i eit dillemma. Dei hadde nemleg både kvite og brune stiger. Når eg endelig fann dei var det altså valgmuligheter... Eg klarte rett og slett ikkje bestemme meg, så eg kjøpte like godt begge. Tenkte det var fint med den brune på badet og den kvite i gangen ved sida av den fine, kvite benken min.

Vart etterkvart litt i stuss. Er det baderomstilbehør, eller er det ok å ha med ulikt stæsj i ein gang? Fint om de vil komme med litt tilbakemeldinger. No har me hatt frost nokre veker, og då hengde eg opp nokre gamle, slitte skøyter. Synest det er litt koselig.
(om eg føler eg ikkje kan ha den der meir, gr at det vert for mykje baderelaterte tanker kvar gang eg passerer, flytter eg den berre til badet i 2. etg. Me får sjå kva tida bringer....)

Vil samtidig få nytte muligheten til å ønske dykk alle ein fin helg, og huske å bruke tid saman med far på søndag. Det skal nemleg eg :)





torsdag 11. november 2010

Mamma Mia

Eg er veldig heldig som har ein stor omgangskrets med gode veninner og venner rundt meg. Søndag fekk eg nok ein gang ein liten smakebit av dette...

Dagen starta med at vi gjekk på gudsteneste heile familien. Tlf min låg igjen heime. Gjer jo i utgangspunktet ikkje så mykje, for eg treng jo ikkje den under gudstenesta. Men denne gangen skulle det vise seg annleis...

Ei venninne av meg sende meg denne meldinga i 11 tida. "Du er vel sikkert på gudsteneste no, men eg har fått to gratisbilletter til Mamma Mia forestillingen kl 15 i ettermiddag. Vil du bli med? Gje ein lyd så raskt du kan..."

Heilt uvitande om kva melding som låg på tlf min, tok me oss god til til "kyrjekaffi" og sosialt samvær med dei andre i menigheten. Eldstejenta ville ha besøk av ei vennine og praten gjekk. Til slutt kom eg på at eg skulle lage sosekjøtt av hjort til middag, så me starta på heimturen. Då me kom heim kom eg på at eg hadde gløymt att stellebaggen til minstemann, og køyrde tilbake for å hente den. Etter å ha starta å gje minstemann litt mat frå glass såg eg at tlf min blinka i vinduskarmen.

"Oii, melding" tenkte eg... Då eg las meldinga som er beskrive over ringte eg venninna mi med ein gang. "er det for seint?" spurde eg. Klokka var blitt 13.40. "Neida, har billetten enno" var svaret. Me må køyre om ein halv time, for det er vanskelig med parkering.... "Ok, eg er klar" sa eg og starta på ein stressande halv time.

Ete litt sjølv, amme minstemann, kle på meg, ete litt sjølv, gje minstemann resten av middagsglaset, sminke meg, ete litt til, snakke med jentene mine om at eg plutselig måtte reise til byn ein tur, sende melding til mor til venninna til jenta mi om at eg plutselig ikkje ikkje skulle vera heime likevel m.m.... Hjortekjøttet me skulle ha til middag måtte pent vente til ein annan dag. "Det er grandiosa i frysen" ropa eg på vei ut av døra.

Me nådde forestillinga med 10 min margin, fekk gode plasser langt framme, og kunne nyyte 2,5 time med Mamma Mia musikalen i orginalversjon frå England. Eg nytte kvart minnutt med flott dans, nydelig sang, morrosamme kommentarer og ein superflott koreografi. Ein kjempestor opplevelse for ein heimeverande mamma og 600 kr spart pr billett sidan me fekk bill våre gratis.

Har gått å nynna på Mamma Mia sangane heile veka. Det var superduper gøy. Tusen takk Kristine for at du tenkte på nettopp meg. Du kan sjå eit lite klipp av kva me fekk sjå her: Video av Mamma Mia

søndag 17. oktober 2010

Haustferie og eplemuffins





Veka som er over har skule hatt haustferie. Eldstejenta som går på skule har sett fram til ferien der me blant anna skulle på hytta. Ho vart imidlertid veldig skuffa då ho skjøna at haustferien er ei veke, og ikkje 8-10 veker slik som sommarferien var.... Ikkje lett å halde styr på alt i ein alder av 7 år.

laurdag 2. oktober 2010

Stoler frå Oldemor






Tidlegare i sommer fekk eg to stoler av mi sviger-oldemor ( om det er noko som heiter...) Synest dei var veldig fine. Dei er slitte og godt brukte. Sviger-oldemor brukte dei som kjøkkenstoler då dei stifta heim for 70 år sida. Eg vil ha dei kvite for at dei skal passe best mulig inn her i huset. Skal prøve å pusse dei litt med sandpapir så den slitne looken blir beholdt. Er spent på korleis resultatet blir. Elsker stoler med rundt sete.

torsdag 30. september 2010

Endelig på tide med litt lyng....






Margerittane mine står nesten like fint utafor døra enno. Er egentlig litt lei dei, men eg føler ikkje eg kan kaste dei når dei står så fint...Eg er i haustmodus, og ønsker meg lyng og andre fine haust- og vinterplanter. Må vente litt til før eg bytter ut alle plantane, men eit lite tilskudd vart det no her.

I dag har eg starta på eit maleprosjekt. Kjem meir om det seinere. No er det mat-tid for både minstemann og meg. Ha ein fin dag.

onsdag 8. september 2010

Koselige tøflar



Fann nokre kjempekoselige tøflar som eg berre måtte ha starks eg såg dei. Hadde lyst å kjøpe like til begge jentene mine, men dei selde dei berre opp til str 28, og det vert for lite for elstejenta mi på snart 8 år. Eg brukar ofte å kjøpe like kjoler og spesielle klede til dei. Det er så romantisk og søtt når det berre er knappe to år mellom dei. Dei likar det faktisk godt sjølv òg.

Fekk litt panikk på butikken når dei ikkje hadde det skonr eg trengte til storesøster. Eg måtte jo ha desse fine tøflane. Eg tenkte faktisk ikkje på (til å begynne med) at eg berre kunne kjøpe til ei av dei. Men slik gjekk det altså....

Lillesøster vart kjempeglad for tøflane, og skulle til og med ha dei på i bursdag som ho skulle i samme dag :). Storesøster vart selvfølgelig lei seg, og prøvde gang på gang å presse føttene ned i tøflane til lillesøster og overbevise mamma at "dei er passeleg jo".....

Storeskatten får få noko anna ein annan gang mammaen dumper over noko fint :)

tysdag 7. september 2010

Kjøpte noko lurt....




I dag når eg var på butikken "Mitt rede" fann eg nokre søte små rice bokser. Disse tenker eg er fin å ha når eg skal lage barnemat til litleguten. Boksane er kjempesmå, og akkurat passe til ein liten klatt med middag eller dessert til våre søte små. Et lite tips til andre i samme situasjon....

Det var 12 bokser i pakken til berre 69 kr. Boksane hadde artige fasonger og farger til å bli glad av. Løp og kjøp du òg!!!!
Etter å ha vaska boksane fylte eg dei med fruktmos av banan og kiwi. Smaker veldig godt både for liten og stor :)
Trur eg må ha meg fleire slike :)

måndag 6. september 2010

Nylaga rips saft.





Me bruker alltid å plukke mykje rips frå hagen om sommrane som me koker rips saft av. Denne har me i frysen til hausten og vinteren, og nyt i fulle drag når me drikk den. I år har det vorte fint lite rips plukking. Eg fekk likevel litt råsaft frå svigermor som eg har hatt i fysen, og no kokt sukker i. Det luktar så godt når ein koker safta. Eg får gode følesar inni meg òg. Kjekt å hauste frå naturen og nytte dei vekstane me har. Synest det er viktige haldningar å sende vidare til dei søte små og :)

I går var me hjå foreldra mine og fekk plukke ein heil bolle med kjempegode blåplommer. Jentene var i toppen av trea for å plukke saman med bestefar. I dag er matboksane halvfylt med plommer både i barnehage og på skulen.

Lagar du noko spesielt av frukt el grønt frå eigen hage?
Hausten er jammen ei fin tid.

tysdag 24. august 2010

Fyrte i ovnen

I dag er det 13 grader ute på Vestlandet. Synest det var litt kaldt i huset, og spesielt stova i dag, så då måtte eg ein tur i garasjen og hente ved for første gang denne hausten.


Følte egentlig det var litt tidlig å begynne å fyre i ovnen 24. aug, men samtidig må ein jo følge véret.


Veldig koselig med sprakinga og den gode lukta som kjem i huset.












Vart fort varmt så eg kan nok ikkje legge meir innpå denne dagen. Deilig for lillegutt på 5 mnd å ligge på golvet no.

Har du fyrt i ovnen enno?

laurdag 21. august 2010

Fredag og kosekveld






Fredag er kosekveld i familien. Då senker roen seg over heimen, og me gjer kjekke ting saman. Denne kvelden skulle me sjå film. Eg laga sjokoladebrownie som me kosa oss med. Etterpå vart det godteri og Charlie og sjokoladefabrikken på film. Minste jenta (5 år) og eg lånte den på biblioteket tidligere på dagen.

Håper alle får ei god helg. Her i huset har helgeroen senka seg.

søndag 15. august 2010

Kjøpte ein koselig blomst....


Kjøpte blomsten på plantasjen fredag. Synest den var like koselig inne som ute. Kanskje den skal få plass ute hagebordet på godværsdager, og inne på kveldstid?
Har hatt ein kjempefin dag på sjøen i dag. Eit vennepar har kjøpt stor, ny båt, og me fekk vera med til Hjellestad i båten for å bade. Veldig flott både natur og vèr. Rundt 25 grader og sol. Deilig. Me bada både frå båten og frå land.
Ein perfekt sommerdag på Vestlandet.

Ha ei ny, fin veke.

fredag 13. august 2010

Solnedgang på hytta.





Driv for tida og prøver meg litt fram med å ha fleire bilder i samme innlegg. Har ikkje klart det på Flickr som eg har brukt for å legge ut bilder. Prøver med nokre koselige bilder frå hytta på Stord.
Må visst øve meg litt til, for dette blei litt skeivt... Men, men. Får ta det ein annan gang. Eg er på bloggen når litleguten vår skal sove. Litt gynging, litt blogging, ein smokk som dett ut, litt blogging osb... No er guten min sovna, så no er det fredagskveld. Ha ei god helg.