Lever Landlig

Veldig kjekt at du klikker innom bloggen min. Eg er veldig ny i bloggverda, men ønsker å prøve meg litt fram på seine kvelder. Eg bur idyllisk til på ei øy i nærleiken av Bergen. Eg elsker det landlige liv, og prøver å skape det trygt og godt rundt meg. Eg er mamma til 3 søte små, og er for tida heimeverande med yngstemann, som vart fødd i mars. Eg vert glad for kommentarer frå deg som kikker innom :) Eg blogger om livet rundt meg - barn, mat, hus og hage.

torsdag 30. september 2010

Endelig på tide med litt lyng....






Margerittane mine står nesten like fint utafor døra enno. Er egentlig litt lei dei, men eg føler ikkje eg kan kaste dei når dei står så fint...Eg er i haustmodus, og ønsker meg lyng og andre fine haust- og vinterplanter. Må vente litt til før eg bytter ut alle plantane, men eit lite tilskudd vart det no her.

I dag har eg starta på eit maleprosjekt. Kjem meir om det seinere. No er det mat-tid for både minstemann og meg. Ha ein fin dag.

onsdag 8. september 2010

Koselige tøflar



Fann nokre kjempekoselige tøflar som eg berre måtte ha starks eg såg dei. Hadde lyst å kjøpe like til begge jentene mine, men dei selde dei berre opp til str 28, og det vert for lite for elstejenta mi på snart 8 år. Eg brukar ofte å kjøpe like kjoler og spesielle klede til dei. Det er så romantisk og søtt når det berre er knappe to år mellom dei. Dei likar det faktisk godt sjølv òg.

Fekk litt panikk på butikken når dei ikkje hadde det skonr eg trengte til storesøster. Eg måtte jo ha desse fine tøflane. Eg tenkte faktisk ikkje på (til å begynne med) at eg berre kunne kjøpe til ei av dei. Men slik gjekk det altså....

Lillesøster vart kjempeglad for tøflane, og skulle til og med ha dei på i bursdag som ho skulle i samme dag :). Storesøster vart selvfølgelig lei seg, og prøvde gang på gang å presse føttene ned i tøflane til lillesøster og overbevise mamma at "dei er passeleg jo".....

Storeskatten får få noko anna ein annan gang mammaen dumper over noko fint :)

tysdag 7. september 2010

Kjøpte noko lurt....




I dag når eg var på butikken "Mitt rede" fann eg nokre søte små rice bokser. Disse tenker eg er fin å ha når eg skal lage barnemat til litleguten. Boksane er kjempesmå, og akkurat passe til ein liten klatt med middag eller dessert til våre søte små. Et lite tips til andre i samme situasjon....

Det var 12 bokser i pakken til berre 69 kr. Boksane hadde artige fasonger og farger til å bli glad av. Løp og kjøp du òg!!!!
Etter å ha vaska boksane fylte eg dei med fruktmos av banan og kiwi. Smaker veldig godt både for liten og stor :)
Trur eg må ha meg fleire slike :)

måndag 6. september 2010

Nylaga rips saft.





Me bruker alltid å plukke mykje rips frå hagen om sommrane som me koker rips saft av. Denne har me i frysen til hausten og vinteren, og nyt i fulle drag når me drikk den. I år har det vorte fint lite rips plukking. Eg fekk likevel litt råsaft frå svigermor som eg har hatt i fysen, og no kokt sukker i. Det luktar så godt når ein koker safta. Eg får gode følesar inni meg òg. Kjekt å hauste frå naturen og nytte dei vekstane me har. Synest det er viktige haldningar å sende vidare til dei søte små og :)

I går var me hjå foreldra mine og fekk plukke ein heil bolle med kjempegode blåplommer. Jentene var i toppen av trea for å plukke saman med bestefar. I dag er matboksane halvfylt med plommer både i barnehage og på skulen.

Lagar du noko spesielt av frukt el grønt frå eigen hage?
Hausten er jammen ei fin tid.