Lever Landlig

Veldig kjekt at du klikker innom bloggen min. Eg er veldig ny i bloggverda, men ønsker å prøve meg litt fram på seine kvelder. Eg bur idyllisk til på ei øy i nærleiken av Bergen. Eg elsker det landlige liv, og prøver å skape det trygt og godt rundt meg. Eg er mamma til 3 søte små, og er for tida heimeverande med yngstemann, som vart fødd i mars. Eg vert glad for kommentarer frå deg som kikker innom :) Eg blogger om livet rundt meg - barn, mat, hus og hage.

tysdag 24. august 2010

Fyrte i ovnen

I dag er det 13 grader ute på Vestlandet. Synest det var litt kaldt i huset, og spesielt stova i dag, så då måtte eg ein tur i garasjen og hente ved for første gang denne hausten.


Følte egentlig det var litt tidlig å begynne å fyre i ovnen 24. aug, men samtidig må ein jo følge véret.


Veldig koselig med sprakinga og den gode lukta som kjem i huset.












Vart fort varmt så eg kan nok ikkje legge meir innpå denne dagen. Deilig for lillegutt på 5 mnd å ligge på golvet no.

Har du fyrt i ovnen enno?

laurdag 21. august 2010

Fredag og kosekveld






Fredag er kosekveld i familien. Då senker roen seg over heimen, og me gjer kjekke ting saman. Denne kvelden skulle me sjå film. Eg laga sjokoladebrownie som me kosa oss med. Etterpå vart det godteri og Charlie og sjokoladefabrikken på film. Minste jenta (5 år) og eg lånte den på biblioteket tidligere på dagen.

Håper alle får ei god helg. Her i huset har helgeroen senka seg.

søndag 15. august 2010

Kjøpte ein koselig blomst....


Kjøpte blomsten på plantasjen fredag. Synest den var like koselig inne som ute. Kanskje den skal få plass ute hagebordet på godværsdager, og inne på kveldstid?
Har hatt ein kjempefin dag på sjøen i dag. Eit vennepar har kjøpt stor, ny båt, og me fekk vera med til Hjellestad i båten for å bade. Veldig flott både natur og vèr. Rundt 25 grader og sol. Deilig. Me bada både frå båten og frå land.
Ein perfekt sommerdag på Vestlandet.

Ha ei ny, fin veke.

fredag 13. august 2010

Solnedgang på hytta.





Driv for tida og prøver meg litt fram med å ha fleire bilder i samme innlegg. Har ikkje klart det på Flickr som eg har brukt for å legge ut bilder. Prøver med nokre koselige bilder frå hytta på Stord.
Må visst øve meg litt til, for dette blei litt skeivt... Men, men. Får ta det ein annan gang. Eg er på bloggen når litleguten vår skal sove. Litt gynging, litt blogging, ein smokk som dett ut, litt blogging osb... No er guten min sovna, så no er det fredagskveld. Ha ei god helg.

søndag 8. august 2010

Årets bringebær


Årets bringebær
Originally uploaded by leverlandlig
Sjå kva eg fekk tak i i går!
Kjøpte meg ein heil kasse med bringebær.
Liker å ha bringebær på kaker, i smoothie og på is. Er mykje meir glad i bringebær enn jordbær, og i år passer jo det bra. Kan ikkje ete jordbær grunna amming. Det gjer meg faktisk ingenting, så lenge eg har bringebær.
Dagens dessert var vaniljeis med sjokoladebiter og rørte bringebær.
NAAAAAAAAAAMMMMMMMMM

Ha ei fin veke alle saman :)

Krabbefiske frå bryggja

På hytta fiska jentene små-krabbe frå bryggja. Dei fiska med tau, klesklype, og sneglehus som agn. Veldig lett, spennande og noko som høyrer sommaren til :)