Lever Landlig

Veldig kjekt at du klikker innom bloggen min. Eg er veldig ny i bloggverda, men ønsker å prøve meg litt fram på seine kvelder. Eg bur idyllisk til på ei øy i nærleiken av Bergen. Eg elsker det landlige liv, og prøver å skape det trygt og godt rundt meg. Eg er mamma til 3 søte små, og er for tida heimeverande med yngstemann, som vart fødd i mars. Eg vert glad for kommentarer frå deg som kikker innom :) Eg blogger om livet rundt meg - barn, mat, hus og hage.

torsdag 11. november 2010

Mamma Mia

Eg er veldig heldig som har ein stor omgangskrets med gode veninner og venner rundt meg. Søndag fekk eg nok ein gang ein liten smakebit av dette...

Dagen starta med at vi gjekk på gudsteneste heile familien. Tlf min låg igjen heime. Gjer jo i utgangspunktet ikkje så mykje, for eg treng jo ikkje den under gudstenesta. Men denne gangen skulle det vise seg annleis...

Ei venninne av meg sende meg denne meldinga i 11 tida. "Du er vel sikkert på gudsteneste no, men eg har fått to gratisbilletter til Mamma Mia forestillingen kl 15 i ettermiddag. Vil du bli med? Gje ein lyd så raskt du kan..."

Heilt uvitande om kva melding som låg på tlf min, tok me oss god til til "kyrjekaffi" og sosialt samvær med dei andre i menigheten. Eldstejenta ville ha besøk av ei vennine og praten gjekk. Til slutt kom eg på at eg skulle lage sosekjøtt av hjort til middag, så me starta på heimturen. Då me kom heim kom eg på at eg hadde gløymt att stellebaggen til minstemann, og køyrde tilbake for å hente den. Etter å ha starta å gje minstemann litt mat frå glass såg eg at tlf min blinka i vinduskarmen.

"Oii, melding" tenkte eg... Då eg las meldinga som er beskrive over ringte eg venninna mi med ein gang. "er det for seint?" spurde eg. Klokka var blitt 13.40. "Neida, har billetten enno" var svaret. Me må køyre om ein halv time, for det er vanskelig med parkering.... "Ok, eg er klar" sa eg og starta på ein stressande halv time.

Ete litt sjølv, amme minstemann, kle på meg, ete litt sjølv, gje minstemann resten av middagsglaset, sminke meg, ete litt til, snakke med jentene mine om at eg plutselig måtte reise til byn ein tur, sende melding til mor til venninna til jenta mi om at eg plutselig ikkje ikkje skulle vera heime likevel m.m.... Hjortekjøttet me skulle ha til middag måtte pent vente til ein annan dag. "Det er grandiosa i frysen" ropa eg på vei ut av døra.

Me nådde forestillinga med 10 min margin, fekk gode plasser langt framme, og kunne nyyte 2,5 time med Mamma Mia musikalen i orginalversjon frå England. Eg nytte kvart minnutt med flott dans, nydelig sang, morrosamme kommentarer og ein superflott koreografi. Ein kjempestor opplevelse for ein heimeverande mamma og 600 kr spart pr billett sidan me fekk bill våre gratis.

Har gått å nynna på Mamma Mia sangane heile veka. Det var superduper gøy. Tusen takk Kristine for at du tenkte på nettopp meg. Du kan sjå eit lite klipp av kva me fekk sjå her: Video av Mamma Mia

2 kommentarer:

  1. Ble jo så varm om hjertet da jeg kom inn hit å så headeren din. Små nakne barnetær er noe av det søteste som finnes ;)

    Så stressende, men utrolig kjekk en historie du forteller. Kansje du er på en god stim, hvem vet ;)
    Kunne også ha tenkt meg å sett Mamma Mia live.

    Takk for at du ville være med på min giveaway.
    Håper du får en fortsatt fin kveld.
    Klem

    SvarSlett
  2. Oj... så godt at du rakk det! Tenker det var kjempegøy!
    De englevingene jeg har på bildet hos meg er kjøpt på kremmerhuset til jul i fjor. Da hadde de litt forskjellige str, kanskje de har fått inn til i år også?

    Ha en kjempefin helg!
    Klemmer Janne Merethe

    SvarSlett