


Fann nokre kjempekoselige tøflar som eg berre måtte ha starks eg såg dei. Hadde lyst å kjøpe like til begge jentene mine, men dei selde dei berre opp til str 28, og det vert for lite for elstejenta mi på snart 8 år. Eg brukar ofte å kjøpe like kjoler og spesielle klede til dei. Det er så romantisk og søtt når det berre er knappe to år mellom dei. Dei likar det faktisk godt sjølv òg.
Fekk litt panikk på butikken når dei ikkje hadde det skonr eg trengte til storesøster. Eg måtte jo ha desse fine tøflane. Eg tenkte faktisk ikkje på (til å begynne med) at eg berre kunne kjøpe til ei av dei. Men slik gjekk det altså....
Lillesøster vart kjempeglad for tøflane, og skulle til og med ha dei på i bursdag som ho skulle i samme dag :). Storesøster vart selvfølgelig lei seg, og prøvde gang på gang å presse føttene ned i tøflane til lillesøster og overbevise mamma at "dei er passeleg jo".....
Storeskatten får få noko anna ein annan gang mammaen dumper over noko fint :)