Lever Landlig

Veldig kjekt at du klikker innom bloggen min. Eg er veldig ny i bloggverda, men ønsker å prøve meg litt fram på seine kvelder. Eg bur idyllisk til på ei øy i nærleiken av Bergen. Eg elsker det landlige liv, og prøver å skape det trygt og godt rundt meg. Eg er mamma til 3 søte små, og er for tida heimeverande med yngstemann, som vart fødd i mars. Eg vert glad for kommentarer frå deg som kikker innom :) Eg blogger om livet rundt meg - barn, mat, hus og hage.

laurdag 17. juli 2010

Oppskrift på prinsessekake


Prinsessekake
Originally uploaded by leverlandlig
Eg vart spurt om å legge ut oppskrift på prinsessekaka eg baka. Sjølvklart kan eg det. Det er berre det med meg at eg ofte lager mine eigne oppskrifter.
Litt av alt som smaker godt brukar å bli kjempegodt til sammen :)

Denne prinsessekaka lager eg akkurat som ein lager skillings-/kanelboller. Det går raskt, og resultatet vert bra.

1) Lag ein vanleg bolledeig
(bruk gjerne ferdige bollemjølblandinger frå
butikken om du synest det er enklere)

2) Den må heve til ca dobbel størrelse

3) Del deigen i to emner og kjevle dei ut i eit rektangel ca 20x50 cm.
(slik som med skillingsboller)

4) Smør Piano vaniljekrem over heile rektangelet. Ikkje for tjukt lag.

5) Rull rektangelet til ei pølse. Start å rulle ved eine langsida.

6) Skjær ca 2 cm tjukke boller. Viktig at bollene er ca like tjukke.

7) Sett bollene ved sida av kvarandre i ei kakeform. (start i midten og jobb deg utover til alle sider) Viktig at bollene ikkje står for tett. Knappe 1 cm mellom kvar bolle. Kaka skal etterheve 30-40 min, og bollene uthever seg i alle krinkelkroker når den kjem inn i ovnen. Står bollene for tett, får du nokre"tuter" som stikk høgare opp enn resten.

Du bestemmer sjølv kor stor prinsessekaka skal bli. Du kan f.eks lage i ei rund kakeform, ei avlang brødform, i langpanna til steikeovnen, el ei langpannekakeform m/ lokk.

Eg bruker alltid å ha bakepapir i bunnen. Då "slepp det lettare" når kaka skal avkjølast på rist etter steiking. Evt kan ein berre dra heile bakepapiret over på rista.

Eg pensler med egg for å få den blanke overflata på kaka. (Når den er ferdig etterheva)

Kaka skal steikast på midterste el nest nederste rille på varmluft 180 grader i 20-25 min alt etter kor stor kaka er. Følg med den etter ca 15 min så ser du når den er ferdig.

Avkjøl kaka på rist. Når den er nesten kald kan du ta på melis. Godt med litt tjukk melis, men den skal kunne renne frå skeia.

Ca 3/4 glas med melis og 2 ts vatn.

Lag eit sikk-sakk mønster over heile kaka med melis. Eg bruker skei til å helle frå. Er fint om det kjem litt ned på sidene òg synest eg.

Sikkert mange andre og meir eksklusive måtar å lage prinsessekake på. Denne måten er enkel, rask og velsmakende :)

Vert veldig glad for å få tilbakemeldinger frå andre som prøver denne kaka eller har andre gode kaker/mat-tips å dele.

Ha ei strålande mat helg :)

2 kommentarer:

  1. Mmm.. Denne så god ut, og må adopteres. Da har jeg lagret oppskriften til en senere anledning. Takk for god oppskrift! =D

    SvarSlett
  2. Hei

    Så kjekt at du ville delta i giveawayen min! Lykke til:-)
    Forresten kjempekjekt at du har lagt deg til som følger

    Ha en god kveld

    Klem

    SvarSlett