Lever Landlig

Veldig kjekt at du klikker innom bloggen min. Eg er veldig ny i bloggverda, men ønsker å prøve meg litt fram på seine kvelder. Eg bur idyllisk til på ei øy i nærleiken av Bergen. Eg elsker det landlige liv, og prøver å skape det trygt og godt rundt meg. Eg er mamma til 3 søte små, og er for tida heimeverande med yngstemann, som vart fødd i mars. Eg vert glad for kommentarer frå deg som kikker innom :) Eg blogger om livet rundt meg - barn, mat, hus og hage.

laurdag 31. juli 2010

Et lite under....

Ti fingre, ti tær - så perfekt du er!
Du titter rundt omkring og skjønner ingenting.
Du kan ikke helt forstå, hvor du er kommet nå.
Men du har startet ferden, her i denne verden.

Hvert barn er Guds under, du skal skjermes fra det leie.
Hvert barn er Guds under, og vi vil at du skal eie,
en tro på han der oppe, Han som sendte deg til oss....

Ti fingre, ti tær - så perfekt du er!
Du vokser litt hver dag og gjør oss veldig glad.
Du er gaven vi har fått, vi ønsker deg alt godt.
For du har startet ferden, her i denne verden.

Hvert barn er Guds under, du skal skjermes fra det leie.
Hvert barn er Guds under, og vi vil at du skal eie,
en tro på han der oppe, Han som sendte deg til oss....

Verset er henta frå ein barne-cd med sang-gruppa Seven.
Den er berre nydeleg fin....

Vann Give away forts.


Vann Give away
Originally uploaded by leverlandlig
Vart litt mørkt bilete...
Inne i pakken låg det eit putetrekk og ei pakke servietter.
Tusen tusen takk :)
Passa fint i stova mi.

Vann Give away


Vann Give away
Originally uploaded by leverlandlig
Tidliger i sommer vann eg 1.premie på Fossestua sin give away. Den var veldig fint påkka inn. Klarer ikkje legge ut to bilder i samme innlegg, så bildet av innholdet kjem i neste "rute".

Bryllupsdag :)


P6211866
Originally uploaded by leverlandlig
Hei igjen.

Blir litt sporadisk no i ferien. Mannen min er ein handyman og har laga fine hyller til meg utafor ytterdøra. Her er eit bilde av øverste hylle.

I morgon har me bryllupsdag. Må finne på noko kjekt då.
Korleis feirer du bryllupsdag?

torsdag 29. juli 2010

Lenge sida sist...

Har vært ein tur på ferie no. Reiste østover mot Sommarland i Bø. Kjempegøy. Jentene mine var kjempetøffe i dei store skliene sammen med pappaen. Eg som trudde eg hadde små beskjedne og forsiktige jenter fremdeles. Eit lite sjokk for mammaen...

Har fått tak i nokre gamle stoler eg vil pusse opp. Får ta det litt seinere i ferien. Skal ta bilde av dei å legge ut.

laurdag 17. juli 2010

Oppskrift på prinsessekake


Prinsessekake
Originally uploaded by leverlandlig
Eg vart spurt om å legge ut oppskrift på prinsessekaka eg baka. Sjølvklart kan eg det. Det er berre det med meg at eg ofte lager mine eigne oppskrifter.
Litt av alt som smaker godt brukar å bli kjempegodt til sammen :)

Denne prinsessekaka lager eg akkurat som ein lager skillings-/kanelboller. Det går raskt, og resultatet vert bra.

1) Lag ein vanleg bolledeig
(bruk gjerne ferdige bollemjølblandinger frå
butikken om du synest det er enklere)

2) Den må heve til ca dobbel størrelse

3) Del deigen i to emner og kjevle dei ut i eit rektangel ca 20x50 cm.
(slik som med skillingsboller)

4) Smør Piano vaniljekrem over heile rektangelet. Ikkje for tjukt lag.

5) Rull rektangelet til ei pølse. Start å rulle ved eine langsida.

6) Skjær ca 2 cm tjukke boller. Viktig at bollene er ca like tjukke.

7) Sett bollene ved sida av kvarandre i ei kakeform. (start i midten og jobb deg utover til alle sider) Viktig at bollene ikkje står for tett. Knappe 1 cm mellom kvar bolle. Kaka skal etterheve 30-40 min, og bollene uthever seg i alle krinkelkroker når den kjem inn i ovnen. Står bollene for tett, får du nokre"tuter" som stikk høgare opp enn resten.

Du bestemmer sjølv kor stor prinsessekaka skal bli. Du kan f.eks lage i ei rund kakeform, ei avlang brødform, i langpanna til steikeovnen, el ei langpannekakeform m/ lokk.

Eg bruker alltid å ha bakepapir i bunnen. Då "slepp det lettare" når kaka skal avkjølast på rist etter steiking. Evt kan ein berre dra heile bakepapiret over på rista.

Eg pensler med egg for å få den blanke overflata på kaka. (Når den er ferdig etterheva)

Kaka skal steikast på midterste el nest nederste rille på varmluft 180 grader i 20-25 min alt etter kor stor kaka er. Følg med den etter ca 15 min så ser du når den er ferdig.

Avkjøl kaka på rist. Når den er nesten kald kan du ta på melis. Godt med litt tjukk melis, men den skal kunne renne frå skeia.

Ca 3/4 glas med melis og 2 ts vatn.

Lag eit sikk-sakk mønster over heile kaka med melis. Eg bruker skei til å helle frå. Er fint om det kjem litt ned på sidene òg synest eg.

Sikkert mange andre og meir eksklusive måtar å lage prinsessekake på. Denne måten er enkel, rask og velsmakende :)

Vert veldig glad for å få tilbakemeldinger frå andre som prøver denne kaka eller har andre gode kaker/mat-tips å dele.

Ha ei strålande mat helg :)

torsdag 15. juli 2010

Storfamilie

Denne veka har me passa to tantejenter i to dager. Dei er på alder med mine egne jenter og leikar veldig fint saman. Dei har hatt det travelt med bl.a å bygge hytter, lage det koselig i senga der dei skulle sove, lage eige leikerom til alle dokkene og bamsane i huset, plukka både rips og jordbær i frå hagen, leika i vannspredaren og med andre sommerleiker ute, spela spel og sett ORPS på film. Eg likar meg godt når eg har mykje folk rundt meg, og det er mennesker som sèt pris på mitt nærver.

Eg er som sagt glad i å lage mat, så me har kosa oss med mykje godt. Jentene nytte blandt anna iskald jordbærsmoothie i hagen på den store plenen vår. Me har hatt ein nydleleg sommardag på Vestlandet i dag, så det er berre å nyte det.

Då søstra mi var ferdig på jobb kom ho og ein nevø innom på middag. Me var åtte personar rundt middagsbordet, og det var koselig. Har alltid drømt om å ha ein stor familie sjølv, men ser jo at det faktisk er litt meir jobb med fem barn enn med tre. I allefall veldig kjekt å få låne andre sine nokre dager i ny og ne.

Har du gode oppskrifter på smoothie? Eg lager mykje bringebær, blåbær eller jordbærsmoothie fordi det er dei bæra me har størst tilgang på, men kom gjerne med gode oppskrifter på andre gode alternativ:

No er det visst på tide å legge seg etterkvart.

Ha ein strålende dag i morgon :)

måndag 12. juli 2010

Prinsessekake


P7072042
Originally uploaded by leverlandlig
Eldste jenta mi hadde besøk av ei vennine for nokre dager sidan. Då måtte me kose oss med nokre ekstra godt. Eg er glad i å bake, så då vart det ei god prinsessekake med deilig vaniljekrem i.

Favorittblad


Favorittblad
Originally uploaded by leverlandlig
Eg koser meg alltid når dette bladet dukker opp i posten.

søndag 11. juli 2010

Vann ein Give away :)


P7092051
Originally uploaded by leverlandlig
Dei to søte sommerfuglane vann eg på babsys Give away.
Var dei ikkje fine?
Tusen, tusen takk for at du trekte nettopp meg ut som vinner! Pressangen var så koselig pakka inn òg. Alltid gøy med ordentlige gaver i posten. :)


Eit lite glimt av rosene i hagen vår.

måndag 5. juli 2010

Ma berre lage ei lita sak på at eg vann
Give awayen til Babsy - Mitt hvite skattkammer. 2 søte sommerfugler.
Jippi og hurra!!!
Må prøve å lære meg dette med bildene
så eg får lagt ut bilder når pakken kjem i postkassen.

Gleder meg masse :)
Takk så mykje for gode tips til utforming av bloggen min.
Må prøve litt meir før eg klarer å få til dette med bilder
og linke andre sine sider til, men lærer stadig noko nytt.

Er nettopp kome heim frå eit 10 dagers opphold på hytta
i Kvinnherad. Me har hatt rolege dagar med sjø- og strandliv
samt plukka mykje markjordbær. NAAAAM
Det er deilig med sommer :)



Har funne ein flott Give away hos HildeM (http://hmoholt.blogspot.com/)
for oss med små barn.
Gå inn på hennar blogg og bli med :)
Du kan vinne smokk med navnet til gullet ditt.
Kjempelurt :)